Kjersti Kleven minna om at når ein giftar seg skal det bringe lukke om bruda får regn i håret, kanskje er det slik med båtdåpar òg? Ståle Rasmussen spår at Rem Offshore ASA kjem til å tene store pengar på båten. Det ser ikkje Åge Remøy vekk ifrå. Han er godt nøgd med det han har sett av båten. No håper han båten blir fort ferdig. Eg er litt spent på prøveturen båten skal ut på neste veke. Då håper eg alt teknisk fungerer, melder Remøy. Rem Balder er eit kombinert ankerhandteringsfartøy og supplyskip. Når båten er klar skal han ut på oppdrag i Brasil, der han vil vere i to år. MS Rem Balder er Kleven Verft sitt bygg nummer 313. Det er fjerde bygget dei leverer til Rem Offshore AS. Båten er 78,30 meter lang og 17, 2 meter brei. Han kan gå i 17,5 knopp. Dekksarealet er på over 500 kvadratmeter. Rolls-Royce har stått for designen og levert ein del av utstyret til båten.

Gudmora

Gudmor for båten er Sissel Kleven Rasmussen, kona til Ståle Rasmussen. Dette var første gongen ho var gudmor for ein båt. Ho fortel at det var reiaren som ville ha henne som gudmor for båten, og det ser ho på som ei stor ære. Har du øvd deg på å knuse champagneflasker? Nei, det har eg ikkje. Men eg har fått råd frå far min som har arrangert ein del båtdåpar. Han råda meg til å halde snora stram, for då får ein meir fart på flaska, ler gudmora. Ho greidde oppdraget med glans, flaska deisa fort i båten og knuste som ho skulle.

Lekkert inventar

Møblementet er i lekkert raudleg kirsebærtre. Ståle Rasmussen kan opplyse om at det er Rovde møbelfabrikk som har levert møblane til båten. Så sant det er mogleg nyttar verftet norske underleverandørar, forsikrar Rasmussen om. Hareid Elektriske har òg vere underleverandør på båten.

Under tak

Dåpen vart gjennomført utandørs, under tak. Forsamlinga trykte seg godt saman under taket for å ikkje bli våte. Hasund og Dimnøy skulekorps spelte tradisjon. Ståle Rasmussen ønskte dei frammøtte velkomen. Han var tidleg ute med å seie at dåpen skulle gjennomførast effektivt sånn at dei fortast mogleg kom seg inn i hus og fekk seg noko å varme seg på. Han ville taka arbeidarane på verftet for at dei hadde stått på og bygd båten. Han takka alle underleverandørane og samarbeidspartnarane. Og han takka Rem Offshore ASA for å ha tillit til verftet og bestilt båten. Det er stor aktivitet nede på Kleven Verft for tida. Fleire båtar ligg ved kai og blir arbeidd på. Plassmangel og regnet gjorde at dåpen vart teke om bord i MS Rem Balder. Gudmora Sissel Kleven Rasmussen knuste flaska på innsida av skroget. Seremonien vart avslutta med allsong av "Ja vi elsker" medan korpset spelte til.

Kapteinen Jarl Bringsvor, kapteinfrue Ewa Husby, gudmor Sissel Kleven Rasmussen, Dalton Schmitt frå brasilianske selskapet Astromaritima, reiar Åge Remøy og administrerande direktør Ståle Rasmussen frå Kleven Verft.
Åge Remøy fekk instruksjonar om korleis han styrer båten. Ståle Rasmussen følgjer godt med.
Hasund og Dimnøy skulekorps spelte på dåpen.