Rektor Trond Berg er nøgd med søkjartala, og kan fortelje at det per i dag er 75 elevar ved skulen. Vi kunne hatt plass til fem til, men enkelte har sagt frå seg plassen på grunn av at dei har kome inn på høgskulestudium dei har ynska å gå på. Dette er slikt som skjer, forklarar han.

Bra kapasitet

Skulen har kapasitet til å huse langt fleire enn 80 elevar, men dei har valt å halde elevtalet på dette nivået for å kunne "sjå den enkelte elev" og gi kvar enkelt personleg oppfølging under skuleåret. I tillegg gir ledige rom høve til å kunne ta imot gjester i samråd med hotellet eller arrangere kurs i eigen regi. Med ledig kapasitet kan vi gjere dette samtidig med at skulen går i full drift, forklarar Berg. Han syntest det var svært kjekt å ta imot elevar og foreldre i helga, og han fekk mange gode tilbakemeldingar på fasilitetane.

Undersøking

Kvar haust gjennomfører folkehøgskulen ei undersøking om skuleval. Rektoren er spesielt nøgd med at trenden dei siste åra har gått i retning av at elevane faktisk vel å gå eit år på folkehøgskule. Tidlegare var det gjerne slik at enkelte såg seg nøydde til å velje eit slikt studieår på grunn av at dei ikkje kom inn på høgskule. No verkar det som dei vel folkehøgskule fordi dei har lyst på eit annleis skuleår, smiler Berg. Han kan fortelje at om lag ti prosent av nittenåringane i landet vel å gå på folkehøgskule.

Gymsal

No som gamlehotellet har blitt omarbeidd for å huse skuleelevar, er neste prosjekt å få bygd ein gymsal i tilknyting til folkehøgskulen. Vi håper på å få på plass ein gymsal i samband med Aktivsenteret snarast. Dette er ein viktig bit å få på plass for skulen, slår Berg fast. Til no har elevane trena i Ulsteinhallen, men rektoren føler at då "stel" dei treningstid frå andre lag og organisasjonar som nyttar dette anlegget. Ein eigen gymsal her på området vil kunne romme dansegolv der danselinja vår kan trene, i tillegg til at elevane kan spele til dømes volleyball i all slags vêr, Vi håpar at bygginga kan kome i gang i løpet av oktober, det er i alle fall målet vårt, stadfestar han.