Det er ein god månad til Hareid kommunestyre skal meisle ut ein ny skulestruktur for kommunen. Det har visst blitt viktig å avgjere denne saka i inneverande valperiode, sjølv om ingen av partia var i nærleiken av å ivre for ei endring av dagens skulelandskap under valkampen i 2003. Tvert imot. Likevel har skulesaka lege der som ein kronisk tannrotbetennelse år ut og år inn. Årsaka til dette traumet er naturlegvis ein skakkøyrd kommuneøkonomi. Hareid er framleis mellom dei overvaka kommunane på den såkalla ROBEK-lista. Politikarane må ta grep. Det har dei då også gjort. I 2005 vedtok kommunestyret å leggje ned storskulen i Brandal. Resultatet var at bygdefolket starta privatskule; ein skule som lever i beste velgåande, medan kommunen ikkje har spart ei krone på nedlegginga. I samband med budsjetthandsaming i desember 2006 gjekk Hareid kommunestyre inn for at der skal vere eit nærskuletilbod for 1. til 7. klasse i dei tre største krinsane i kommunen. Samtidig signaliserte politikarane slutten for all offentleg skuledrift i Brandal frå hausten 2008. No har saka vore ute på høyring, og kommunestyret tar sikte på å gjere eit endeleg vedtak om ny skulestruktur 28. mars. Slik vi tolkar signala i dag, kjem politikarane då til å leggje ned den siste resten av kommunal skuledrift i Brandal, medan stivnakkane i Brandal vil starte privatskule for heile elevflokken sin. Det skulle berre mangle! Det er ikkje overraskande at skulesaka har splitta kommunen; det gjer dei fleste slike saker. Derimot er det oppsiktsvekkjande at dei som ivrar for å legge ned Brandal skule, ikkje har lagt fram utvitydige reknestykke som dokumenterer at kommunen sparer så og så mykje på nedlegginga. Dette må då vere eit minstekrav i ein slik prosess? Tidlegare ordførar Einar Holm var inne på dette i appellen sin i avisa torsdag. Her ber han politikarane innstendig om ikkje å leggje ned Brandal skule. Den politiske veteranen har ikkje kome over dokumentasjon som syner at kommunen vil spare pengar på tiltaket. No - som før - meiner vi at Hareid kommune burde ha råd til å halde seg med skular i dei fire krinsane sine. Dersom det ikkje er monalege summar å spare, er det drygt å drage eit heilt bygdelag gjennom eit utmattande ritt i årevis. Vi har høyrt ymt om at ein ser for seg innsparingar eit stykke fram i tid. Dette verkar nokså utydeleg og neppe godt nok til at politikarane kan gjere vedtaket sitt med noko som minner om rak rygg. Kan det verkeleg vere slik at det har gått prestisje hos sentrale aktørar i denne saka? God helg! asle. geir@vikebladet.no