Hareid kommunestyre valde i april 2006 Grønmyr barnehager som privat utbyggjar i Hareid. Grønmyr vart vald i konkurranse med Perny Austnes, som hadde ordna seg tomt på området til tidlegare Holstad Planteskule. Men Grønmyr fekk altså tilslaget litt lenger framme på Holstad, der det står fleire kommunale husvære som er i heller dårleg forfatning. Det var rådmann Arne Gunnar Ascehehoug og ordførarvikar Willy Nesset som hadde samtalane med Bjørn Grønmyr. I kommunestyrevedtaket står det altså at føresetnaden for at Grønmyr barnehager får drive i Hareid er at selskapet overtek eksisterande bygningsmasse på Holstad etter takst innan utgangen av 2006. Dette er ikkje gjort. Takstmannen til Hareid kunne har sett verdien på bygningane til 3.260 millionar kroner. Dette syntest Grønmyr var ein altfor høg takst, og han hyrte derfor inn eigen takstmann. Grønmyr vil ikkje røpe kva sum takstmannen hans har sett på bygningsmassen, men etter det Vikebladet Vestposten har grunn til å tru er takst ca. ein million kroner lågare.

Vil helst rive heile bygningsmassen

Bjørn Grønmyr verkar ikkje glad over å få merksemd på denne saka. Det er to takastar florerer, og eg har hatt møte med Hareid kommune om saka. Meir er det ikkje å seie om saka, svarar han i første omgang. Men skilnaden på dei to takstane er forholdsvis høg? Ja, eg reagerte på takstsummen som kommunen fekk. Verdien på husa er ikkje større enn nokon vil kjøpe dei for. Det eine huset er eigentleg kondemnert. Der er ikkje botevon for det, hevdar Grønmyr, som peikar på at det fylgjer rivingskostnader med prosjektet også. Grønmyr opplyser at i utgangspunktet er tanken hans å rive alle bustadane på Holstad, og i staden byggje opp att nye husvære i ein heilskap. Han har etablert selskapet Hugnad, som alt har under planlegging eit rekkehus på Holstad, like ved den nye barnehagen. Oppsetjing av desse husa kjem ikkje i konflikt med dagens kommunale bustadmasse på Holstad. Men vilkåret for at Grønmyr barnehager skulle få etablere seg på Hareid var at selskapet skulle kjøpe den kommunale bygningsmassen etter takst? Ja, men det står ingen plass kva sum taksten skulle vere på, og det eksisterer heller ingen avtale om at vi skal kjøpe heile området. Det vi har sagt, er at vi er interesserte i å utvikle området, så etter mitt syn har eg ikkje brote nokon avtale, svarar Grønmyr, som gjerne vil avdramatisere saka.

Pengane er alt brukte til kunstgrasbane

Men for Hareid kommune er det i alle fall aldri så lite kinkig at kommunestyret under budsjettreguleringa i juni 2006 brukte mesteparten av pengane til å finansiere kunstgrasbanen som kommunen ikkje hadde pengar til. No er barnehagen sett i drift, og Grønmyr vil ikkje betale over 3 millionar kroner for husa. Dermed manglar kommunen midlar til kunstgrasbane. Ordførar Gunn Berit Gjerde stadfester at saka var oppe som orienteringssak i formannskapet like før jul, som B-sak. Ut over det vil ordføraren ikkje kommentere saka. Eg var ikkje ordførar då avtalane med Grønmyr barnehager vart gjorde. Snakk med varaordførar Nesset eller rådmann Ascehehoug, svarer Gjerde, som vedgår at kommunen har eit problem dersom dei ikkje får inn pengane til kunstgrasbanen. Heller ikkje rådmann Aschehoug er særleg snakkesalig. Dette er ei privatrettsleg sak. I kommunestyrevedtaket heiter det at Grønmyr er valde under føresetnad av at dei ervervar bygningsmassen etter takst. Men prisen var ikkje fastsett? Det korrekt, svarer Ascehehoug.