Det nye bygget til reiarlaget Island Offshore i Ulsteinvik har fått eit moderne preg med mykje glas, lyse fargar og designmøblar. Men praktbygget har fått det jordnære namnet "Naustloftet" og møteromma har namn som Bell, Barden, Eikholm og Merkur.
Spiserommet har blitt akkurat så transparent som interiørarkitekt Milla Krogstad ville det skulle bli. Lampande i taket er tyske og av merket Shmitz. Saman med dei store raude krukkene blir dei ein fargeklatt. Her slappar dei tilsette godt av.