Tysdag kveld kom der noko som likna på eit snøver over Høddvoll. Det varte ikkje lenge, og gutane kunne fullføre treningsøkta utan vanskar. Som fotballtrenar må eg - med handa på Bibelen - vedkjenne at eg ikkje har sakna vinteren eit sekund. Men eg er ikkje annleis skapt enn at eg gjer meg mine refleksjonar over klimaet. Folk snakkar om vêret meir enn nokon gong; les om menneskeskapte klimaendringar, høyrer om stormar og flaum, jordras og issmelting. Jau, vi gjer oss våre refleksjonar ved inngangen til 2007: Kvar skal dette ende? For eitt år sidan brukte eg eit par kveldar på å lese boka til Gudmund Skjeldal, “Den siste langrennaren”. Ho handlar først og fremst om skiløparen Kristen Skjeldal, bror til forfattaren. Men ho handlar og om dei etter kvart snøfattige vintrane; vil det i det heile vere mogleg å gå ei tradisjonell femmil i Nordmarka i framtida? Vil langrenn bli noko proffane driv i snøtunnelar og på kunstsnø; vil hopparane ende opp i porselensbakkar? Når eg ser ut vindauget mitt, skimtar eg noko som liknar nysnø på Hasundhornet. Skal vi tru profetane kjem han ikkje lenger ned denne månaden, ikkje neste heller. Det er spådd ein snøfri januar i låglandet i Sør-Norge, og det spøkjer for februar også. * No er det ikkje første gongen snøen uteblir i vintermånadene. Under dei snørike vintrane på 1960-talet bestemte eg meg for å bli langrennsløpar. Inspirert av gullmedaljane til Gjermund Eggen i 1966, la eg bak meg over tusenvis av kilometer på langrennsski på ei øya i havgapet. Når gradestokken viste 10-15 minusgrader på Rise i Hareidsdalen, fantaserte eg om at eg levde i eit slags innlandsklima; ein Engerdal eller Østerdal i kyst-miniatyr. Det var sælt når augebryna rima, og sveitten fraus til is! Men så skjedde der noko i 1971. Eg kan ikkje underbygge det med statistikk, men dagboka mi fortel sitt tydelege språk. I januar og februar hadde eg nesten ikkje ski på beina anna enn i helgane når vi reiste innover i landet for å gå renn. Vinteren etter - i 1972 - naut vi skeiseisen på Grimstadvatnet nokre lykkelege dagar etter nyttår. Men snøen kom aldri; og i mars sprang vi intervalltrening på tørr asfalt i Hareidsdalen medan flammane frå den store lyngbrannen slikka himmelen bak Kiberget i vest. Den gongen snakka vi ikkje om menneskeskapte klimaendringar eller drivhuseffekt. Vi meinte vel at vêrgudane spelte oss tilfeldige puss. I dag er situasjonen ein annan. Forskarane kan vise oss statistikken, klimaet er i endring. Eg registrerer at der er fleire forklaringar ute og går; enkelte peiker på at det dreier seg om endringar utanfor menneskets rekkevidd. Men latinen frå majoriteten av verforskarar verda over synest å vere samstemt: Vi menneske påverkar klimaet, og vi gjer det gjennom utslepp av såkalla klimagassar, til dømes CO2. * Her i Norge - ved inngangen til 2007 - snakkar vi om klima heile tida medan CO2-utsleppa våre aukar. Denne veka kunne Aftenposten fortelje om skilnaden mellom Norge og Sverige på dette området: Som kjent har Kyoto-protokollen 1990 som referansepunkt. Han fortel kva landa kan sleppe ut i gjennomsnitt i åra frå 2008 - 2012. Norge har lov til å auke utsleppa med ein prosent i høve til 1990, Sverige kan auke med fire prosent. Men medan Norge no ligg minst ni prosent høgare enn 1990, var dei svenske utsleppa i 2005 over sju prosent lågare enn i 1990. Sverige har på eiga hand vedteke strengare nasjonale klimamål enn det landet har forplikta seg til i Kyoto-protokollen. Medan dei altså har lov til å auke utsleppa med fire prosent, har dei bestemt seg for å redusere med minst fire! Svenskane har også teke mål av seg til å redusere utsleppa med 25 prosent innan 2020. I Norge har vi ikkje noko slikt langsiktig mål. Kva er det svenskane har gjort - som ikkje vi får til? I alle land har det vore likskapsteikn mellom økonomisk vekst og auka utslepp av klimagassar. Ikkje lenger slik hos søta bror. Aftenposten kan fortelje at landet dei sju siste åra i gjennomsnitt har lege over fire prosent under 1990-nivået, medan den økonomiske veksten har vore 2,9 prosent. Svenskane fyrer mindre med olje, og styresmaktene legg no til rette for at bilprodusentane Volvo og Saab skal kunne satse stort på motorar som går på biosprit. Over 13 prosent av alle bilar som vart selde i Sverige i fjor, går på biosprit; og heile ni av ti Saab-bilar - selde i 2006 - går på biosprit. Svenskane har 624 bensinstasjonar med biosprit, Norge har ein. I oljelandet har vi ikkje vore like kreative. Men vi har ein statsminister som snakkar svulstig om kvantespranget som skal gi gasskraftverk med CO2-reinsing. God helg! asle. geir@vikebladet.no