– Eg har aldri sett noko slikt før, seier Myrene. Han fortel at fuglen har nett same storleiken og dei same faktenesom ei tradisjonell kråke. Men så var det dette med fargen. – Kan det vere ein albino - eller er det ein sjeldan kråkeart, undrast Otto Myrene og overlet spørsmålet til lesarane.
Nyhende →
Pussig kråke i Ulsteinvik
Otto Myrene i Klovningen i Ulsteinvik vart vàr ein fugl han aldri hadde sett før då han var på veg til arbeid sist veke: Ei kvit kråke med brunt hovud. Dagen etter såg han fuglen att - og sist laurdag, medan han sat og åt frukost, dukka jammen den kvite kråka opp rett utanfor huset hans.