Dei andre kommunane på Søre Sunnmøre har teke inn desse skattesummane:

Herøy 780 millionar, Ørsta 734, Volda 583, Hareid 386, Vanylven 234, Sande 195.

Desse tala er ein god peikepinn på næringsaktiviteten i kommunen.

Når det gjeld skattemidlar til “eige bruk” er det Hareid som har størst grunn til å vere fornøgd med utviklingsdraga. Denne posten er nemleg 7,4 prosent høgare pr. sept. 2010 enn på tilsvarande tidspunkt året før.

I Ulstein har skatt “til eige bruk” auka med berre 1,9 prosent, medan Herøy noterer ein tilbakegang på 1,4 prosent.