Eldor Skeide har brei erfaring frå næringslivet på Sunnmøre gjennom 25 år.

Skeide har brei erfaring frå næringslivet på Sunnmøre gjennom 25 år.

Han har hatt leiande funksjonar i fleire bedrifter og bransjar dei siste åra.

– Eg ser på stillinga i Furene AS som spennande og utfordrande og er overtydd om at den kompetanse som Furene har, vil verte etterspurt og kunne nyttast på fleire felt i næringslivet og offentleg sektor framover, seier Skeide.

Furene AS er ei attføringsbedrift som er eigd av Norges Handicap Forbund, Fylkeskommunen og kommunane på Søre Sunnmøre.

Bedrifta er lokalisert med hovudkontor i Furene i Volda kommune. Bedrifta har 55 medarbeidarar.