Ulykka skjedde på riksvegen, like ved avkøyrsla frå riksveg 61 på Hareid-sida av Eidet.

Mopeden kom køyrande i låg fart frå Hareid i retning Ulsteinvik då han vart innhenta av ein bil. Føraren i bilen ville køyre forbi, men i det same la mopedføraren seg ut mot midtfeltet. Dermed køyrde bilen inn i mopeden og førte han eit stykke framover før han stoppa.

Ambulansepersonale kom raskt t il staden, og mopedføraren vart frakta i ambulanse til sjukehus for nærare undersøking.

Politiet var på staden. Foto: Jan Ove Hoddevik