(22.01.07) Ragnhild Vestre (46), busett i Brandal, er tilsett som ny distriktssjef for Sunnmøre vegdistrikt etter Kirsti Slotsvik. Vestre har opphavleg bakgrunn som pedagog. Seinare har ho tatt utdanning som bedriftsøkonom og deretter graden Master of management frå Handelshøgskolen BI. Ho arbeider i dag som prosjektleiar og studiekoordinator ved Kontoret for etter og vidareutdanning ved Høgskulen i Volda. Tidlegare har Vestre m.a. arbeidd som pedagog, drive eige rådgjevingsfirma innan området leiar- og organisasjonsutvikling og arbeidd med næringsutvikling på Søre-Sunnmøre, melder Statens Vegvesen i ei pressemelding.

Ragnhild Vestre til sjefsstilling i Vegvesenet.