Ulstein Helsestasjonen skal for tredje gong gjennomføre parkurs for småbarnsforeldre. Dei har sett av kveldane måndag 19. mars og tysdag 27. mars.

For å førebyggje

Helsesøster Kristin Meli vil oppmode førstegongsforeldre til å skaffe seg barnevakt desse to kveldane å gå på kurs i lag. Målet med kurset er å gje nybakte foreldre støtte og inspirasjon i ein periode med store forandringar i kvardagen og i parforholdet. Kveldane kan bli ei nyttig investeringa for samlivet deira og framtida. På kurset vil dei snakka om kommunikasjon og forventningar. Para skal setje ord på kva dei ventar seg og korleis dei vil ha det. Kursdeltakarane vil lære praktiske kommunikasjonsteknikkar og styrkje kommunikasjonen i parforholdet. Dei vil lære nyttige metodar for konflikthandtering. Kurset vil gje deltakarane verktøy for å løyse kvardagsproblem. Para skal finne gode løysingar i lag. Og rett og slett få inspirasjon og tips til eit godt samliv. Felles for alle førstegongsforeldre er behovet for å dele erfaringar med andre i same situasjon. På dette parkurset møter dei nettopp andre par i same situasjon.