Måseide vedgår at ho i ein samtale med Håkon Wigg har sagt at det vil bli vanskeleg å kome med eit klart svar på om kommunen vil godkjenne makebytet før i mai. Vi ønskjer å få meir kunnskap om korleis den nye symje- og idrettshallen skal regulerast inn i området, forklarer ho. Men ordførar Måseide understrekar at ho i utgangspunktet er positiv til forslaget om makebyte, og ho har forståing for at Wigg og Ulstein Utvikling gjerne vil kome i gang fort. Tid er pengar, og eg har sans for planane dei har i Kyrkjegata. Eg vil derfor allereie på måndag ta eit måte med rådmann Sandanger og teknisk sjef Indresøvde. Vi vil også kalle inn oppvekstsjef Leif Ringstad. For eg ser at eit makebyte med Wigg kan vere ein fordel for Ulstein kommune.