Sambuar Rikke Pettersen er inutt frå Grønland, men trivst godt på Hareid. Ho er ei stor støtte for Karl-Atle Andersen. Foto: Anne Gry Eilertsen.

Kakken – ein mann som har det med å overraske

I midten av november 2020 fekk dei næraste pårørande til Karl Atle Andersen telefon frå ein sjukehuslege som fortalde at hjartet var så svakt at han ikkje kom til å overleve jula. Han vart innlagt på Hareid sjukeheim, men «skreiv seg ut» etter åtte dagar. No er det jul igjen, og «Kakken» lever framleis.