(OSLO) Vikebladet Vestposten stakk innom Youngstorget i 12-tida torsdag. Sett vekk frå Kåre Henning Gardshol, som underteikna reiste saman med, var det ingen høddarar å sjå. Innleigde arbeidarar var i full gang med å setje opp "Hødd-byen". "Kjetil Hasund-teltet" og "Sjøgata" såg ut til å vere klare, medan det vart jobba på spreng inne i "Høddvoll-teltet" for å setje opp scenen og anna inventar. Vi kan med rette påstå at det er stille før innrykk, men mange Hødd-supporterar reiser eller reiste til Oslo alt i dag. Nokre tok også same fly (09.00) frå Vigra som Vikebladet Vestposten sin utsende i dag tidleg.

Om det var stille på Youngstorget i dag, blir det neppe slik i morgon. Alt frå føremiddagen av startar dei ulike aktivitetane.