Februar er over. Det er mars og tid for ny Psykologtime på Ulstein Bibliotek.

Psykologtimen kan du følgje her, eller ved å møte på biblioteket i kveld, onsdag 1. mars, eller følgje streamen på vikebladet.no.

I dag er det landets største døgnope krisetenestene på telefon og nett som kjem: Kirkens SOS.

Kirkens SOS søkjer å lindre smerta ved kjenslemessig og eksistensiell krise, og førebygge sjølvmord. Dei jobbar for å sjå, støtte og styrke alle som tek kontakt.

Dei som kjem er dagleg leiar Carl-Axel Bang-Ellingsen og rådgjevar Ingeborg Singsdal frå Kirkens SOS Møre og Romsdal. Dei har solid bakgrunn innan mellom anna psykologi og akuttpsykiatri. No tar dei turen over fjroden for å dele erfaringar i ein innhaldsrik samtale med vår kommunepsykolog, Tomas Brandal Myklebust.

Avdelinga i Møre og Romsdal er eit av elleve sentre nasjonalt, med tre tilsette og nesten 100 frivillige på vaktrom i Molde, Ålesund og Myrvåg. Telefon er framleis den mest brukte kommunikasjonsforma deira, medan chat er den raskast veksande, og heilt avgjerande for å kome i kontakt med ungdom og unge vaksne som har det vondt. Dei frivillige i Kirkens SOS er lyttande medmenneske med ulike bakgrunnar. Felles for alle er at dei har god tid, nyttig kompetanse, og mykje trening i å snakke med menneske som opplever store og små krise i livet.

Bang-Ellingsen og Singsdal vil fortelje om det viktige arbeidet dei gjer, og ikkje minst snakke om korleis me bør forhalde oss til dei som ikkje har det så bra.