Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor har merka seg at konkurrenten Netcom har lansert 4G-mobilnett på Sunnmøre.

– Vi har ein annan utbyggingsstrategi, og er ikkje klare til å opne 4G-nett på Sunnmøre enno. Planen er å oppgradere basestasjonane i Ålesund i 2013, medan Telenor-kundar på resten av Sunnmøre truleg får tilgang på det nye supernettet i 2014.

Telenor gjer som Netcom, og startar utbygginga i dei største byane. Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim fekk 4G frå Telenor tidlegare i haust, og fleire andre byar får dekning før året er omme. Vidare er hytteområde, som ofte ikkje har tilgang på fastmontert internett, prioritert i utbygginga av 4G-nettet.

Sunnmøre er eit stykke ned på lista over planlagde utbyggingar, men Telenor lovar å kome seint, men godt.

– Kundane våre får eit svært godt og stabilt 4G-nett innan få år. Målsetjinga vår er at 9 av 10 brukarar skal ha tilgang på 4G i 2015. Eg kan ikkje gi deg nokon dato for når vi lanserer 4G på Sunnmøre per i dag, seier Amundsen.

Han deler oppfatninga til Netcom om at Samferdsledepartementet sin auksjon på 800 megahertz-frekvensane er avgjerande for utbygginga av 4G.

– Desse frekvensane er nøkkelen til å tilby høgfartsnett over store geografiske område. Resultatet av desse auksjonane vil ha mykje å seie for når vi kan tilby 4G rundt om i Norge.

– 3G er også raskt

Amundsen meiner både mobilbransjen og media ofte henger seg opp i 4G i diskusjonen om mobilt internett.

– Dei moderne variantane av 3G har også temmeleg høg fart. Mange vil nok ha problem med å merke skilnaden på eit godt 3G-nett og eit 4G-nett. Den aller største skilnaden ligg nok mellom GSM og 3G, altså om det er tilbod om mobilt internett eller ikkje.