Solistar og publikum vil synge i lag og om kvarandre under stødig leiing. Det heile vert akkompagnert av Eiksund og Omegn Allsongorkester. Og dette passar for alle, – her syng ein med den stemma ein har.
- Eiksundbygda har lange songtradisjonar, og fleire eiksundarar har markert seg som framifrå songarar. Men allsangtradisjonen er ikkje så sterk som før, og det vil vi no gjere noko med. Julehøgtida er tid for fellesskap. Å samle seg og synge dei tradisjonelle julesongane vonar ein skal skape “ny giv” og songfellesskap med god julestemning, heiter det i innbydinga.
Fleire både unge og eldre songarar vil ha rolla som forsongarar og solistar. Nokre namn som kan nemnast er Emma Warholm Myrene, Bror Magnus Tødenes, Endre Havåg, Arild Torvund Olsen og Per Ødegård.
Programleiar er Endre Havåg og Morten Feiring vil lese ei juleforteljing.
Det vert ei pause med kaffi og kaker. Kollekt til allsangarrangement i Eiksund.
Eiksund og Omegn Allsongorkester:
Peter Demirov – piano
Per Arne Brandal – gitar
Øystein Djupvik – kontrabass
Bertil E. Tødenes – trommer
Søndag 16. desember på Samlingshuset i Eiksund.
- Vel møtt til alle frå fjern og nær til god juleallsong i Eiksund, heiter det i invittasjonen frå Eiksund.