Dette er tema som er svært aktuelle i samband med Forvaltningsplanen for Norskehavet, som skal leggast fram av regjeringa i vår. –I Møre og Romsdal SV er vi svært glade for at Solheim no følgjer opp lovnaden har kom med på konferansen om Norskehavet i Ålesund i haust, og vi håpar også han får tid til å møte dei engasjerte elevane frå Herøy som både han og dei andre statsrådane fekk spørsmål frå der, seier 2. kandidat på stortingsvallista til Møre og Romsdal SV, Ingrid Opedal. - Media har stort fokus på kampen om oljeleiting i Lofoten og Vesterålen. Dette er sjølvsagt svært viktig, men for Møre og Romsdal SV er vern av Mørekysten og det fantastiske biologiske mangfaldet både under og over havflata ei av hovudsakene. SV-landsmøtet i april vedtok å ta dette inn i arbeidsprogrammet, og det er difor svært viktig at miljøvernministeren ”vår” får så god kunnskap om dette som råd, seier ho, og vonar vergudane vil vise Runde frå si beste side. Det handlar om fødestova til silda og andre fiskeslag, det handlar om korallar og det handlar om bestanden av ulike sjøfuglar, til dømes lundefuglen. Det førebelse programmet går ut på ein båttur rundt øya, med guiding av ornitolog Alv Ottar Folkestad, som har følgt fuglelivet på øya nært hald i mange tiår. Deretter vitjar statsråden Runde Miljøsenter, som snart skal opnast, og får informasjon om kva rolle dette senteret skal ha for å auke kunnskapen om livet i og rundt havet. – Då Solheim var i Ålesund gjorde elevane frå Herøy stort inntrykk på han, fortel Ingrid Opedal. Dei spurde mellom anna om kva statsråden vil gjere for å hindre overfiske av tobis, og dermed sikre nok mat til lundefuglane, som siste åra har måtta trekke inn i fjordane for å finne mat. - Når Solheim no kjem til heimkommunen, har dei heilt sikkert førebudd nye spørsmål, seier Opedal som gler seg til å vise fram eit lite stykke Sunnmøre til partifellen.
Nyhende →
Erik Solheim vitjar fuglefjell og miljøsenter
Måndag 11. mai kjem det storfint besøk til fugleøya Runde. Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim kjem på dagstur for å lære meir om fuglelivet på øya, og om det nye miljøsenteret.