Båtane vart sett ut frå moloen på Runde og dei dreiv av gårde med vind og straum. Folk som har vandra i fjøra eller har arbeidet sitt ved sjøen har funne att mange av dei, men framleis manglar mange .Båten som hittil er  registrert med   den lengste seilasen vart funnen på Hustadvika.

Komande søndag, 19. oktober inviterer Runde Miljøsenter  alle borna som var med på sjøsettinga i påska til og kome ut att for å finne ut kvar båtane deira har hamna og til å bygge nye båtar for sjøsetting. Miljøsenteret inviterer også nye born til å bli med på båtbygginga som har vorte eit heilt lite forskingsprosjekt for å finne meir ut kvar fiskeyngelen som blir klekt ut utanfor Runde driv med straumane. Runde Miljøsenter samarbeider med  skipsverftselskapet Vard om dette forskingsporsjektet som er laga for å engasjere born til å bli medvitne både på miljø, båtbygging  og forskning.

Alle båtane var merka med eige nummer, telefonnummer og epostadresse til Runde Miljøsenter før dei vart sjøsette. Til no er det gjenfunne  87 båtar.  Desse er registrerte inn på ei eiga dataside, og posisjonane deira er lagde ut på internett. http://vard.rundecentre.no/boats

Når borna kjem ut til Runde på søndag, skal dei få sjå kvar båtane deira har blitt av og dermed danne seg eit bilde av korleis ting driv langs kysten vår.

Der er framleis ein del båtar som ikkje nokon har funne. Vi trur at der er kan finnast båtar i fjøra langs med kysten og særleg trur vi at der må vere ein del båtar på øyane i Giske og Haram Kommune. Dersom nokon finn båtar så gå inn på heimesida til Runde Miljøsenter og meld frå. Eller så kan de ta med båtane til Runde på søndag for registrering.