– Kompost er ei mangelvare, seier han ivrig og har samla avisutklipp som seier det same. Dagens Næringsliv skreiv i mars i år at med dagens forbruk går verda tom for fosfor om tre-fire generasjonar, noko som vil vere ei katastrofe for verdas matproduksjon. Eit anna avisutklipp viser at etterspørselen etter kompost frå matavfall er så stor av avfallsmottaket på Lindum ikkje klarer å levere nok.

Laurdag skreiv Vikebladet Vestposten om at Gnist Støylane Barnehage har byrja komposterer avfallet sitt. Det er dei ikkje aleine om. Men det som er spesielt med løysinga dei brukar er at matavfall blir kasta i lag med papir og papp.

– Det gir betre struktur i komposten og fjernar lukta, forklarer Brandal i Berekraft for alle.

Etter berre seks veker har barnehagen ferdig kompost. Og den komposten er så god og sterk at han må blandast ut med jord før dei brukar han for å dyrke grønsaker i lag med borna.

– 2020 er i morgon

Rune Brandal er fortørna over at kommunane sender kloakken sin til Vestnes. Der blir avføringa blanda med kalk og bark, og lagt utover i rader.

Brandal fortel at Mattilsynet vil forby denne ordninga. Men kva skal dei då gjere? Brenne det?

Nei, Brandal viser til miljøkrava frå EU der Noreg har forplikta seg til å få ned å få ned avfallsmengda og utsleppa sine innan 2020.

Og når vinden står i «feil» retning er det eit bustadfelt i Kristiansund som er plaga av lukta frå dette anlegget på Vestnes.

– Alle rankekomposteringsanlegg lever på lånt tid, seier han og meiner det er betre at gjenvinning av kloakk blir handsama lokalt. Rankekompostering vil bli forbode på grunn av smittefare og sigevatn til grunnvatn.

Han meiner at ein bør kompostere matavfall og slam i lag, lokalt, og reinse brukt vatn til ny bruk. Ikkje til drikkevatn, men til vatn for å vatne plenen, til dømes.

– Dette må komposterast lokalt, er bodskapen frå Brandal.

Operahuset og Obama

Rune Brandal har halde på i 25 år for å gjere noko med det organiske avfallet. Det vil seie matavfall, slam, kloakk, gras og greiner.

– Eg ville gjere noko for miljøet, vere i forkant, seier han til lokalavisa.

For nokre år tok Rica Sunnfjord i bruk systemet til Brandal for kompostere matavfallet til jord, noko som førte til at hotellet sparte store summar kvart år.

Etter kvart har fleire store kundar kome etter. Ein av dei er Operaen i Bjørvika, med tre restaurantar. På grunn av at systemet ikkje hadde feittutskiljar, fekk Brandal utbyggjar til å bruke eit gjennomsiktig røyr.

– For å sjå om det klagga på, forklarer han. – Veit du kva som skjedde? Det kom fleire busslast for å sjå korleis systemet fungerte. Dei fekk sjå korleis kjøtkake fór gjennom røyret, ler Brandal.

Og då president Barack Obama kom til Oslo og fekk fredsprisen, ringde Grand Hotell og ville ha eit slikt anlegg i drift, slik at dei fekk vise Obama kor flinke me er i Noreg til å gjenvinne matavfallet vårt. Så også Obama har fått sett dette systemet.

Etterkvart har det blitt mange hotell som har tatt i bruk dette systemet for å kompostere matavfallet sitt. Og skipet som vart årets skip i 2010 hadde også dette matavfallssystemet frå Brandal om bord.

Fleire store kundar har vist si interesse.