Anders Hatløy var klubbformann ved Ulstein Verft i 25 år.

– Det kunne vere nokså harde tak under lønnsforhandlingane, men når eg no ser tilbake, synest eg at det var ei fin tid, med reale forhandlarar, seier Anders.

Då han ein gong forhandla med personalsjef Kolbein Ole Ulstein om meir lønn til hjelpearbeidarane, kom Ulstein med eit tilbod om 39 øre meir i timen. Eg sa det var feil, at summen var 35,5 øre, og at det då skulle høgast til 40 øre timen. Då kalla Kolbein meg den verste hestehandlaren han hadde møtt, ler Anders Hatløy.

Ein annan gong, under forhandlingar inne på kontoret til Idar Ulstein, vart Idar så rasande at han sa klubbleiaren berre kunne ta over heile bedrifta.

– Eg svara at det var greitt, og Idar reiste seg, pakka papira sine ned i veska, og gjekk mot døra. Der besinna han seg, og snudde eg mot eg, og sa det kanskje var best vi sette oss ned og diskuterte i litt rolegare former.

Anders Hatløy håper Ulstein får nok kontraktar til å halde dei tilsette i arbeid. Og skal eg kome med eit råd, er det at leiinga må lytte til dei tilsette. Streik kjem det sjeldan noko godt ut av.

- Eg trur Ulstein vil bestå i framtida, men på ein annan måte enn i dag.

Orda kjem frå John Hatløy, nummer tre i barneflokken til Anders og Marie Hatløy. Då han gifta seg og fekk barn var han fast bestemt på å ikkje vere sjømann lenger. Han fekk seg jobb på Ulstein i 1988, og har vore formann ved utrustningsavdelinga sidan 1996.

- Eg er glad eg fekk meg jobb på land, og eg håper inderleg Ulstein vil bestå, at bedrifta kjem seg gjennom dei tøffe tidene som er no.

På to år er bemanninga, inkludert nedlegging i Vanylven, redusert frå 450 til 250 tilsette. Og reduksjonen har vore størst i produksjonen. - Eg skjønar dt er naudsynt. Skal bedrifta overleve, må ho tilpasse seg produksjonsvolumet, men det er tøft for dei som misser arbeidet sitt, seier John, som også er uroa over at det i dag blir tatt inn så få lærlingar. - For nokre år sidan vart det tatt inn 30 lærlingar i året. No berre nokre få. I dag må dei anten reise andre stader, eller få seg jobb i andre næringar. Det gjer at vi etterkvart misser kompetanse.

John er oppvaksen på Reiten, og var nabo med Ulsteinfamilien. - Det var ikkje noko klasseskilje i min barndom, slår han fast.

John Hatløy (t.h.) synest det r trist med nedskjeringar i arbeidsstokken, men forstår at Ulstein må tilpasse seg produksjonsnivået. Her i samtale med Rolv Bakke. Foto: Arkiv Ulstein