Det var rundt 20-tida at uhellet skjedde. Politiet var raskt på staden, og kunne bekrefte at det ikkje var noko alvorleg. - Vi har nettopp fått beskjed, og det er tre bilar som er involvert. Det som har skjedd er at ein av desse større bilane var på veg opp bakken. Under snøen er det mykje is, og bilen starta å gli bakover, fortel politibetjent Egil Rustad. - Denne bilen sperra vegen, og så har det kome bilar ovanfrå som ikkje har klart å stoppe. Så den første bilen glei bakover og sperra vegen, og bilane bak skaut fart på det glatte føret, utgreier Rustad vidare. - Er det nokon personskader? - Det er ein mann som har fått på nakkekrage her, og vi veit ikkje heilt enno. Dette er vel kort fortalt, avsluttar han. Den varierande temperaturen har gjort sitt med vegane, så dette bør vere eit føre var for andre som skal ut på vegane, om å ta det litt ekstra med ro.

Politiet prata med dei forskjellig bilistane som var uheldige på det glatte føret.