Om kommunen/kommunane vil halde fram drifta etter det, må det finansierast på anna vis.
Arset kan opplyse at dei nettopp har sendt saka til levekårsutvalet. Der valde dei å leggje seg på same line som administrasjonen i dei andre kommunane, om å leggje ned tilbodet. Dei tenkjer det sikkert er tiltak som fungerer like bra. Men her er det mogleg for politikarane å påverke og velje eit anna utfall.
– Utekontakten er ikkje lagt ned, ho er sjølvslutta, kommenterer kommunalsjef Marit Botnen.
Botnen sit i samordningsorganet for dei fire kommunane. Ho seier til Vikebladet Vestposten at ordninga ikkje har fungert i mange av kommunane.
For tida er det berre Ulstein som har ein tilsett i Utekontakten, om dei andre kommunane ikkje vil vere med, har denne stillinga aleine liten hensikt.
Men samarbeidsorganet ser at det trengst førebygging og satsing på dette området. Dei vil heller bruke ressursane frå Utekontakten på å få faste stillingar til PMTO (Parent Management Training – Oregon). Dette er ei foreldreorientert intervensjonsmetode til bruk i familiar med born mellom 3 og 12 år med uttalte eller byrjande åtferdsvanskar.