Herreklebutikken på Hareid opna opp att dørene torsdag ettermiddag, etter å ha halde stengt i fem dagar. Dei stengde dagane har blitt brukte til å gjere grundig om på interiøret.
Sidan T. Riise opna dørene torsdag har det stort sett vore smekkfullt i butikken.
- Mottakinga er eventyrleg, og tilbakemeldingane vi har fått på endringane er gjennomgåande gode, fortel Johs. Christian Riise.
Han synest det er svært kjekt, for bak det nye interiøret ligg det mykje tankearbeid.
Inn i butikken har det kome ein del nyheiter på klesfronten, pluss eit større utval i sko.
- Men eg understrekar at ambisjonen vår framleis er at vi skal ha klede både til 15-åringane og dei på 85 pluss, legg han til.