Baldvinsson fylte 23 år denne veka. Han er 188 høg og kan vere ein muleg erstattar for Fredrik Klock, som har gitt seg i Hødd-trøya.

Baldvinsson har seks a-landskampar for Færøyane – og også U-21-landskampar. Han har skora 29 mål på 127 kampar for Ålgård.

Baldvinsson vart teken opp i Ålgård sin a-stall som 16-åring i 2006. Han begynte som spiss, men vart etter kvart omskulert til midtstoppar.

Etter godt spel i 2010-sesongen vart han utteken til Færøyane sitt U-21-landslag. Han skora blant anna eit mål i 2-1-kampen heime mot Andorra i U-21-EM-kvaliken.

I oktober 2010 vart han utteken i troppa til Færøyane sitt a-landslag borte mot Slovenia og heime mot Nord-Irland i UEFA Euro 2012-kvaliken. Han vart også utteken til ein treningskamp mot Skottland.

3. juni 2011 fekk han sin offisielle a-debut mot Slovenia, ein kamp Færøyane tapte 0-2. Men Rogvi spelte bra og figurerte i startoppstillinga mot Estland fire dagar seinare. Færøyane vann sensasjonelt 2-0.

I VM-kvaliken i år var Baldvinsson oppassar på Zlatan Ibrahimovitsj då Færøyane tapte 1-2 for Sverige. Baldvinsson skora Færøyane sitt mål i denne kampen. Han leverte også ein god kamp mot Tyskland.

I sommar fekk Baldvinsson eit kontraktstilbod frå den engelske League 2-klubben Bristol Rovers. Han takka ja og reiste bortover, og spelte fire treningskampar i løpet av to veker. Men han treivst ikkje og returnerte til Ålgård før sesongen starta. Men i haust har han ikkje spelt for Ålgård - og han er såleis "ein fri mann" når han kjem for å snuse på forholda på Høddvoll.

Baldvinsson har færøyisk statsborgarskap, men er oppvaksen i Rogaland og snakkar flytande norsk.