“Det er mitt valg” er eit undervisningsopplegg om klassemiljøutvikling og førebyggjande arbeid i grunnskulen og vidaregåande skular. Opplegget er støtta av Lions Norge. Lions Ulstein og Hareid stod som arrangør av eit slikt kurs ved Hareid barneskule sist onsdag og torsdag. Om lag 100 deltakarar møtte fram.
Todelt kursopplegg
Tor-Erik Sundby i Lions Ulstein og Hareid, fortel at oppmøtet av deltakarar var svært bra.
– Onsdag hadde vi eit oppfølgingskurs for lærarar som har hatt kurs ved eit tidlegare høve. Seinare på dag arrangerte vi kurs for tilsette i barnehagar. I løpet av dagen møtte over 80 deltakarar opp. I dag har vi kurs for lærarar som ikkje har delteke før. Her er det 17 deltakarar, fortel Sundby, då Vikebladet Vestposten tok turen til Hareid barneskule torsdag.
Vil ut til alle
Etter ei intensiv økt med praktisk informasjon og fysiske aktivitetar, får vi kursleiaren til å fortelje litt om målsetjingane med kurset.
– Målsetjinga er å tilby dette kurset til alle. Kurset hevar kompetanseutviklinginga – ikkje berre for lærarane – men også elevane som desse lærarane jobbar med. Vi vil skape ei positiv sosial åtferd, personleg vekst og utvikling, støtte for heim og skule i førebyggjande arbeid med omsyn til mobbing, tobakk og rus og gje skulen eit konkret metodisk verktøy til utvikling av klassemiljø, fortel Rekstad.
Ei undersøking frå Utdanningsforbundet syner at “Det er mitt val” er eit av dei mest brukte førebyggingsprogram i Noreg. Ikkje berre for skular og barnehagar.
– Vi ser at “Det er mitt valg" fungerer også som kurs for blant anna olje- og gassindustrien. Den fysiske aktiviteten og leikane i kurset brukar eg i like stor grad med blant anna BP eller Statoil. Det har same innverknad på deltakarane anten dei jobbar offshore eller i skule. Leik nyttar eg som eit pedagogisk verkemiddel. Det er ei allmenn gyldig mekanisme der det same skjer med deltakarane. Det løyser opp for samtale, dei samarbeider og blir trygge på kvarandre. Dei er eit viktig ledd i arbeidet med å lære sosial kompetanse, fortel Rekstad.
Eit godt produkt
Rekstad fortel at han har jobba med “Det er mitt valg” i 25 år.
– Frå vårt kontor i Sandnes på sørvestlandet reiser vi ut for å arrangere kurs. Vi har om lag 200 kurs i året. Det betyr at vi har eit produkt som kvalifiserer etter gjeldande læreplan. Samarbeidet med Lions Norge, og dei enkelte avdelingane som til dømes Ulstein og Hareid, er heilt unikt. Det er dei som finansierer dette kurset for lærarar i skulen og tilsette i barnehagen. Eit mandat frå staten seier at skulen skal jobbe med sosial kompetanse. Då er dette heilt perfekt, seier Rekstad.
Kjem attende
Rekstad trivast på Hareidlandet. I fjor arrangerte han kurs i regi av Lions Ulstein og Hareid i Ulsteinvik, og planlegg allereie eit nytt kurs på Hareidlandet til våren neste år.