Fleire aktivitetar og gratis pizza står på menyen når Bell Ungdomsklubb inviterer til 7.klasse-kveld tysdag 14.mai.

Hausten er aldersgrensa på ungdomsklubben frå 8.klasse både tysdagar og fredagar, men etter nyttår er også 7.klassingar velkomne på Bell. -Vi har ope for 7.klassingar siste del av skuleåret fordi dei skal få høve til å bli kjent med fleire ungdommar både på eige trinn, og dei litt eldre. Det kan gjere det tryggare og kanskje kjekkare når dei først startar på ungdomsskulen til hausten, og då også kan komme på Bell fredagskveldar, seier ungdomsarbeidar Marie Flatin i Ulstein.

Ungdomsarbeidaren og lærling Christoffer Masters synest det har vore kjekt å få treffe mange av 7.klassingane som alt har vore på Bell nokre tysdagar. Med arrangementet 7.klasse-kveld håpar dei å treffe enda fleire.-Vi skal ha quiz og Fifa-turnering på Play Station. Og om ungdommane har lyst så blir det opa scene eller disko. I tillegg byr vi på gratis heimelaga pizza, fortel Masters.