Melshorn Hotell har søkt bruksendring frå hotelldrift til mellombels asylmottak for einslege, mindreårige asylsøkjarar.
Førre veke sa Hareid formannskap nei til dette, men Melshorn Hotell har hyra inn advokat for å hjelpe seg i denne saka. Vedtaket i formannskapet har blitt påklaga, såleis kom saka opp på ny i dag.
Kristian Fuglseth (Folkelista) meinte at dei ikkje har noko med å blande seg opp i kva folk som eig bygg i sentrum driv med i husa sine. Han meinte kommunen burde la hotellet få bruksendring, i staden for at saka skal bli sendt vidare til fylket.
Truls Håbakk (Framstegspartiet) var i prinsippet samd med Fuglseth i at ein ikkje skal bry seg om kva folk driv med i husa sine, men området er regulert til hotell, ikkje asylmottak, difor vil han ikkje gjere om på vedtaket frå sist.
Han fekk fleirtal i formannskapet (fire mot tre) for å halde fast på vedtaket frå sist. Såleis blir saka sendt vidare som klage til Fylkesmannen.