– Eg er ikkje veldig begeistra. Men dette er likevel det beste vi kunne forvente å få slik stoda er no. Vi er ikkje hoppande lukkelege. Men, det er ein positiv trend ein no ser. Dei små og mellomstore bruka vil ikkje få endå mindre enn dei gjorde, noko som er veldig gledeleg, seier leiaren i Vestre Sunnmøre Bondelag, Herøy-baserte Svein Ulrik Helt Brubakk til Vikebladet Vestposten.

10.700 kroner per bonde

I alt 350 millionar kroner er ramma på avtalen mellom staten og Norges Bondelag, derav 100 millionar av desse kronene går over statsbudsjettet. For kvar einskild bonde betyr det at ein har moglegheita til å auke inntekta med 10.700 kroner per årsverk neste år.

– Resultatet av det førre oppgjeret, i fjor, blei at dei store gardane fekk meir. Det gapet som kom i fjor er ikkje lukka, men det blei heller ikkje større. Her ute på øyane har vi mest små og mellomstore bruk, så dette er flott for mange i regionen vår, seier Helt Brubakk og legg til:

– Det blir ikkje mykje meir å rutte med enn det var før. Det blir ikkje ein reell auke, men heller ikkje ein minke. Det blei sagt under forhandlingane at 400 millionar kroner hadde vore nok til å dekke inntektsgapet mellom små og mellomstore gardar og dei store, men slik blei det altså ikkje.

Lagsleiaren ser allereie framover til neste års oppgjer, som han håpar endar i same stil, med ei styrking av dei små og mellomstore gardane.

– Ein kan jo sjølvsagt håpe på det. Vi held oss flytande eit år til, var det nokon som sa. Det står eg også ved, seier Svein Ulrik Helt Brubakk.

Utset lausdriftskravet

– Norges Bondelag tek ansvar i ei krevjande tid for norsk økonomi når dei inngår denne jordbruksavtalen med staten, sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) til NTB.

Andre punkt i årets jordbruksoppgjer er at tilskotssystemet styrkast for storfe og korn, at målprisane aukast med 190 millionar kroner, at 575 millionar kroner blir sett av i investeringsstøtte og at lausdriftskravet blir utsett med ti år. Stortinget har nemleg vedteke at alle kyr i framtida skal gå fritt, og ikkje stå i bås. No er den nye fristen først i 2034.