Juryen i Vikebladet Vestposten har beslutta at bilete nummer 31 av totalt 46 i fotokonkurransen for mai går ut som den endelege vinnaren.

Det betyr at vinnaren denne gang heiter Sigurd Myrene.

Med dette biletet sikrar Myrene seg det femte Vikebladet Vestposten-kruset, med påskrifta "Månadens lesarbilete".

"Måsar er byfolk"

Juryen som består av Leiv Arne Grimstad, Anne Gry Eilertsen og Joar Ødegård, har følgjande grunngiving for vinnarbiletet.

– Vi skriv om utrykket "Sauer er allrighte dyr" til "Måsar er også byfolk", fortel juryen.

Vikebladet Vestposten gratulerer!