Kva vakthavande ved Ulstein og Hareid lensmannskontor nytta tida til under årets nasjonaldag – treng vi ikkje å spekulere i. Men dagen var uansett roleg for lensmannskontoret.

Mykje i nabokommunane

Medan dei ulike krinsane på Hareidlandet var travelt opptekne med å feire landet vårt, var det i nabokommunane politiet hadde mest å gjera.

Ålesund (morgonen): Ved klargjering for ruta til eit 17. mai-tog i Ålesund, vart sju bilar taua vekk. Dei aktuelle bileigarane finn att bilane sine ved Falck Ålesund, opplyser operasjonsleiar.

Klokka 10.30 - Ålesund: 10 fot plastbåt funnen i området Volsdalen. Klokka 14.00 vart den teken hand om av sin rette eigar.

Klokka 18.15 - Hellesylt: Politiet fekk melding om eit innbrot i eit firmalokale på Hellesylt. Diverse verktøy er stole. Også felgar, høgtalarar med meir.

Klokka 19:50 - Ålesund: Mann i 20-åra meldt for drikking på offentleg stad. Han gjekk med alkohol i handa. Når han kom i dialog med politiet svarte mannen med å drikke framføre politiet.

Klokka 19:30 - Ålesund: Ein mann i 30-åra er teken i arresten etter at han braut seg inn i ein bil. Han hadde også kniv på seg. Politiet har meldt mannen.