Torsdag denne veka skrev Vikebladet Vestposten at dei streikande på Quality Hotel Ulstein at dei håpa Fellesforbundet og NHO kom til semje, så dei vann fram med kravet om lokale forhandlingar.
Men no treng dei ikkje streike meir. i dag tidleg, laurdag, vart det kjent at partane har kome til semje. No har Fellesforbundet og NHO blitt samde om ein avtale og streiken er over. Fellesforbundet vann fram med kravet sitt om lokal forhandlingsrett.
– Det er ein gledens dag, uttaler hotelldirektør Odd Petter Meinseth til Vikebladet Vestposten. Han er glad for at partane har blitt samde. Han har snakka med hovudtillitsvald for Fellesforbundet ved hotellet, Anita Humberset, og ho er også glad for at streiken er over. No gler dei seg til å kome tilbake på jobb.
Frå i dag av opnar Quality Hotel Ulstein resepsjonen og bookinga igjen.
No treng hotellet helga på seg til å stelle i stand huset til å ta imot gjestar frå måndag av.