- Eg har ikkje fått studert den så nøye, men eg ser den er i rotasjonsstøypt plast, seier Leikanger, som er røyrleggjar av utdanning.

På sida står det skrive "Trelleborg".

Den gule tingesten blei vaska i land like ved eit naust i Hallebygda i Sande kommune, ikkje så langt frå naustet til André Leikanger.

- Eg jobba med noko i naustet mitt, og fekk auge på denne tingen som låg og dunka mot fjøresteinane. Eg anar ikkje kva det er, men vil veldig gjerne vite det. Kanskje eg kan få varsla den eller dei som eig den, seier Leikanger.

Veit du kva dette er? Tips oss gjerne via våre Facebook-sider eller per mail. Send til redaksjon@vikebladet.no.