Laurdag opplyste Vikebladet Vestposten at Salmar Organic har klaga inn Hareid formannskap sitt vedtak om å ikkje godkjenne dispensasjonssøknaden om å drive oppdrett i Brandal og ved Teineberget. Saka skal opp i nytt i formannskapet tysdag førstkomande. Rådmannen ber formannskapet røyste imot anken, sjølv om Salmar denne gongen lokkar med pengar. Hareid kommune kan tene fem millionar kroner på at Salmar får etablere anlegg for lakse- og regnbogeaure-oppdrett i kommunen.

- Feil instans

Finn Sindre Eliassen har fungert som talsmann for motstandarane av oppdrett, blant anna for fleire grunneigarar i Brandal. Han håper formannskapet også røystar imot anken, som han også meiner har kome på feil bord.

- Salmar fornektar seg ikkje. Trass i den svært sterke motstanden i kommunen har selskapet klaga på avslaget i formannsskapet for dei planlagde monsteranlegga. Men Salmar Organic har anka til feil instans. Det er fylkesmannen som er ankeinstans i slike saker. Og einaste ankegrunn er feil i sakshandsaminga. Om fylkesmannen finn feil i sakshandsaminga kan han kjenne vedtaket ugyldig og sende saka tilbake til kommunen for ny realitetsbehandling. Det Salmar her prøver seg på, er å starte ein omkamp der dei argumenterer vidare for søknadene om å starte med lakseoppdrett på Alme og i Brandal. Berre av den grunn håper eg formannskapet kjenner sitt ansvar, følgjer innstillinga frå rådmannen og stoppar Salmar ein gong for alle, seier Eliassen til lokalavisa.

Mykje motbør

Han peiker vidare på det store lokale engasjementet i saka. Svært få som er for oppdrettsanlegg har stått fram med meiningane sine. Under eit folkemøte i Brandal i mars fekk Salmar svært mykje motbør. Då saka kom opp i formannskapet var det berre ordførar Anders Riise som røysta for. Om formannskapet skulle snu er det ikkje mykje igjen av lokaldemokratiet, meiner Finn Sindre Eliassen.

Vil kjempe vidare

Og om formannskapet skulle snu er ikkje saka lagt død av den grunn, varslar brandølingen.

- Vi vil kjempe mot så langt det går. Grunneigarane mot fjorden i Brandal har engasjert advokat for å få fjerna oppdrettsområdet frå kommuneplanen, og vi håper å få til ei snarleg omregulering, seier Eliassen.

- Ikkje til sals

Som heller ikkje er imponert av den økonomiske tilbodet Salmar han lagt på bordet.

- Den totale summen er uavklart, og ingenting er har skjedd sidan førre møte. Dette er gamalt nytt og ein altfor låg pris. Vi er ikkje til sals. Hovudpoenget er at bygda ikkje skal gå over disk uansett pris, meiner Eliassen.

Han reagerer også på at innkallinga til formannskapsmøtet vart sendt ut 4. juni, og det er fleire helgedager i mellomtid fram til møtet tysdag 10. juni.

- Det er heller ikkje blitt sendt varsel til lag eller organisasjonar som har levert merknader til søknaden, seier Finn Sindre Eliassen.