Den offisielle opninga fann stad i lokala til Hareid kunstlag i Kjøpmannsgata laurdag ettermiddag. Velsvik Berge, som tok til som rådmann i Hareid for 1,5 år sidan, tok utgangspunkt i det imponerande faktum at Hareidsstemna har blitt arrangert fortløpande sidan 1962.

- Det har nok vore både oppturar og nedturar, glede – delt glede og hardt arbeid, sa ho.

Fleire suksessfaktorar

Ho hadde undra seg litt over kva det var som var suksessfaktorane ved Hareidsstemna, og var komen fram til  følgjande:

- Hareidsstemna er kortreist. Ein stad der lokale krefter får vise seg fram. Men det har også blitt nasjonalt, med artistar og talarar som kan inspirere dei som møter opp. Og i år blir det også internasjonalt, med vår eigen nobelprisvinnar, Edvard Moser, som stemnetalar, sa Velsvik Berge.

Ho slo fast at alle veit at grimstingane kan både synge og tale, men meinte det også fanst mange andre dyktige folk i Hareid.

- Eit av døma er Anne Holstad, som har leia Hareidsstemnefesten på ein eminent måte i fleire år no.

- Folk som bur andre stader kjem heim til Hareidsstemna. Det er eit stemne som skaper identitet, som får folk til å kjenne at dei er ein del av flokken. Det gir innbyggjarane stoltheit og kommunen eit godt omdømme.

100-årsmusikal komande onsdag

Ho minte publikum om at slik vi snakkar, slik blir det, og slik vi handlar, slik blir det.

- Stemnefesten er sjølvsagt rosina i pølsa, men eg vil likevel nytte sjansen til å framsnakke 100-årsmarkeringa for Hareid kommune. Musikalen, som er eit samarbeid mellom Hareid musikk- og kulturskule og Hareid ungdomsskule, har fått namnet «Fortid vert framtid» og blir vist i Hareidhallen komande onsdag, tipsa Velvik Berge, og erklærte Hareidsstemna 2017 for opna.