– Det var veldig oppløftande, dette vert flott, fortel Espen Pedersen i Lund+Slaatto Arkitekter etter besøket i Ulsteinvik.

Pedersen har jobba med Ulstein Arena-prosjektet i mange år. I mars 2011 vart det klart at hans forslag, «Next Level», vann konkurransen om å teikne det nye bygget i Ulsteinvik sentrum. Til samen fem arkitektkontor deltok i konkurransen. I grunngjevinga frå juryen heitte det at «Next Level» hadde eit stort potensial til å la seg gjennomføre innanfor anstendige kostnadsrammer.

Utfordring

Espen Pedersen har jobba saman med fleire andre i arkitektfirmaet, men har hatt hovudansvar for utforminga av Ulstein Arena. I tillegg er firmaet Nils Tveit AS inne i badeanlegget, sidan det ifølgje Pedersen er snakk om kompliserte saker.

Det er mange månader sidan Pedersen sist var på synfaring på byggeplassen. Då hadde dei akkurat støypt ferdig botnen i symjebassenget.

– Ja, eg var i Ulsteinvik ein del i starten. No var det lenge sidan sist, så dette må eg seie var eit oppløftande besøk, fortel han.

Arkitekten fortel at det var ei utfordring å tilpasse bygget til dei små trehusa i Kyrkjegata.

– Det synest eg vi har lukkast med, bygget ligg veldig fint i terrenget, meiner han.

Kva er poenget med alle dei store glasfasadane?

– Vi ville lage eit anlegg som er så ope som mogleg, slik at dei besøkande skal ha kontakt både med sentrum og naturen. Ulstein Arena skal også vere inviterande, og sleppe inn mest mogleg dagslys. Det meiner eg vi har lukkast med, det skal vere mogleg å sjå tvers gjennom bygget, forklarer han.

Tett på sentrum

I det opphavlege forslaget var det tenkt corten stål i fasadane, som arkitekten tenkte ville gje ein vam raudbrun fargetone og også assosiasjonar til skipsindustrien i kommunen.

– Dette er endra til mørk sink, mellom anna på grunn av kostnader og uro for vedlikehaldet, seier Pedersen. Han fortel at det i staden er brukt meir treverk innvendig, noko som også er godt synleg i fasadane. Espen Pedersen seier Ulstein Arena ser ut til å bli slik han hadde sett føre seg.

– Eg ser på anlegget som ein viktig del av arbeidet med å bygge Ulsteinvik som by.

teikna ulstein arena: Ålesundaren Espen Pedersen i Lund+Slaatto Arkitekter er fornøgd med bygget. FOTO: Marthe Garmann/Lund+Slottaa Foto: Lund og Slaatto