Fosnavaag Pelagic i Fosnavåg på Sunnmøre har vore klar til å ta imot makrell frå rundt 20 lokale båtar sidan midten av august, men så langt har leveransane vore nærmast lik null, ifølgje dagleg leiar Roar Aasen.

Aasen seier at makrellen i år som i fjor står langt ute i havet.

– Makrellen står langt nord og vest i havet. Det kjem ikkje dei store mengdene inn til kysten, slik det gjorde for nokre år sidan, seier han til avisa.

Makrellen som blir tatt utanfor kysten av Møre og Romsdal skal likevel vere stor og fin, rundt 450 gram i snitt, men han er sporadisk og vanskeleg å få tak i. Lengre sør går det i mindre makrell.

Makrellfiskar Halvard Leine på skøyta Leinefisk trur ikkje dei klarer å ta kvoten på 100 tonn makrell i år.

– I år reknar vi ikkje med at vi klarer å ta kvoten. Og det klarte vi ikkje i fjor heller. Når fisken ikkje er meir tilgjengeleg, blir det slik, seier Leine til Fiskeribladet.