Førstkomande måndag kjem Per Olaf Lundteigen til Kleven for å møte arbeidarane der.

Gardbrukaren frå Øvre Eiker i Buskerud har ei lang merittliste å skilte med. Han har mellom anna vore generalsekretær i Senterpartiet (1997-99) og statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet (1999-2000). Han sit på Stortinget for Buskerud.

Politisk er han mest opptatt av verdiane til fellesskapen og at folk skal ha trygge og godt betalte arbeidsplassar (kjelde: allkunne.no).

Torsdag same veke (30. august) kjem partileiar Trygve Slagsvold Vedum til Hareid. Han vil der prøve å få liv i lokallaget til Senterpartiet igjen. Det blir eit ope møte på kveldstid, der alle er inviterte, men særleg folk frå Hareid som er opptatt av Senterparti-politikk blir oppmoda om å kome.