Formannskapet i Hareid starta møtet tysdag med å heise regnbogeflagget.

Det gjorde dei på oppmoding frå Ålesund Sentrumsforening, som bad alle kommunane i Region Ålesund om å heise flagget i samband med Ålesund Pride.

Ålesund Pride vert arrangert 30. august- 2. september.

Regnbogeflagget vert heist for å markere eit lokalsamfunn som møter menneske med respekt og toleranse, heiter det i pressemeldinga frå sentrumsforeininga.

Tysdag vert dette flagget heist i kommunane Ørskog, Sandøy, Skodje, Giske, Sula, Haram, Sykkylven, Stordal og altså i Hareid.