- Dette var veldig spesielt å få oppleve på nært hald. Det er nesten utruleg å ha sett det så klart som dette, og samstundes vite kva for ein kamp dette måtte ha vore - ein verkeleg kamp på liv og død, seier Robert Skeide til Vikebladet Vestposten.

Skeide er ein godt kjend mann i kulturlivet på Søre Sunnmøre, men han interesserer seg også veldig for foto.

- Eg har vore opptatt av fotografi sidan eg var liten, og det har blitt nokre bilde opp gjennom åra. Men akkurat noko slikt som dette har eg ikkje fanga på film før, seier Skeide.

Fanga i spindelveven

Det var tysdag ettermiddag Robert såg ein edderkopp på terrassedørvindauget sitt, i ferd med å spinne seg ein spindelvev på tvers over vindaugsruta.

- Eg henta raskt fram kameraet og skifta til ei makrolinse slik eg kunne kome nærare på. Etter å ha tatt to-tre bilde av vesle Petter Edderkopp sette plutseleg ein kveps seg fast i veven. Det tok ikkje meir enn eit kjapt sekund før edderkoppen var borte og byrja å arbeide. Den spann og spann nytt vev, og det tok ikkje meir enn rundt eit halvt minutt før kvepsen var heilt fanga - og hadde gitt opp kampen, seier Skeide, som meiner han tok rundt eit par hundre bilde av heile seansen.

- Til slutt berre hang edderkoppen den innesurra kvepsen ifrå seg, og gjekk inn mot midten av nettet igjen. Kanskje Petter skulle spare den til lunsj? spør Robert.

Onsdag morgon var kokongen vekke.

- Kvar den har blitt av veit eg ikkje, men eg tvilar på at edderkoppen har klart å fordøye den så raskt, seier Robert Skeide og flirer.

Har du lyst til å prøve å ta makrobilde, slik som Robert? Det er ikkje så vanskeleg, berre ein har rett utstyr.

- Ein må ha eit såkalla makroobjektiv. Då eg tok desse bilda var det litt rørsle i lufta, så det var litt vanskeleg å finne rett fokus. Men tek ein seriar av bilde er sjansen stor for at ein får nokre gode, klare blant desse, seier Skeide til slutt.