Sjølv om fakkeltoget nok kolliderte litt med stemnefesten på Hareid laurdag ettermiddag, møtte fleire fram for å vise sin motstand mot pelsnæringa i Norge. Det gjorde også mange på landsplan. Tusenvis gjekk i fakkeltog i regi av NOAH.

– I år er det 14. året NOAH sitt fakkeltog mot pels blir arrangert. I år blir det halde fakkeltog i 30 større og mindre byar, fire fleire enn i fjor, og demonstrasjonen er eit av Europa sine største arrangement av same slag. Eg er veldig glad for å sjå at både små og store er med og går her i dag, sa initiativtakar Nina Renate Røyset i sin tale til dei frammøtte.

– Dyr har også kjensler

Initiativtakaren var godt nøgd med oppmøtet trass i kolliderande arrangement, og håpar at bodskapen nådde ut til fleire.

– I dag er vi samla i fakkeltog for å vise kor mange vi er som vil ha slutt på lidinga pelsdyra må gjennomgå på pelsfarmane. Forsking viser at alle dyr føler smerte, frykt, glede og sakn. Det er i norsk lov ikkje tillate å utøve vald mot dyr, eller utsette dei for unødige lidingar. Likevel skjer det når dyra blir dårleg behandla i tronge bur der dei lever i stress og frykt kvar dag, sa Røyset vidare i sin tale.

Ho ønskte også å rette fokuset mot avlivingsmetodane som blir nytta, og at det eigentleg burde vore unødvendig å demonstrere. Ho er heller ikkje nøgd med regjeringa sitt arbeid for å få bukt med næringa.

– Vi veit at desse dyra ikkje høyrer heime i bur. Akkurat no står 800.000 rev og mink på netting i bur på 1,2 og 0,3 kvadratmeter og ventar på å døy. Avlivingsmetodane er anten straumstøyt eller gass, og det er sjeldan vellukka på første forsøk. Det skulle vere unødvendig å stå her i dag, i 2017, og demonstrere mot å bure inn dyr og røve frå dei alt, berre for simpel pyntepels. Mote-Norge har tala, og alle norske moteblad nektar å vise ekte pels i sine magasin. No må Norge spole framover i tid til vi kan få i stand ei avvikling av denne næringa. Vi er utolmodige på pelsdyra sine vegner, og vi aksepterer ikkje å bli gjort til latter med tomme ord – vi skal ha tomme bur, sa Røyset.

Fakkeltoget gjekk gjennom fleire av gatene i Ulsteinvik sentrum. Foto: Privat
Det var fleire møtte fram for å gå i fakkeltog mot pels i Ulsteinvik sentrum laurdag ettermiddag. NOAH arrangerte fakkeltog over heile landet denne dagen, for å gjere fleire merksame på at det framleis blir gjort urett mot dyr. Foto: Privat. Foto: Per Werkland
Her er deltakarane i laurdagens fakkeltog samla framfor Blåhuset i Ulsteinvik. Foto: Privat