Tungesvik fekk diagnosen prostatakreft i mars 2006, og avslutta strålebehandlinga seks månader etter. Erfaringane og tankane sine frå denne tida har han samla i ei sterk og personleg skildring i boka Når kreft gir kraft. Med denne boka som bakteppe er det duka for eit nært møte med Hans Olav Tungesvik i Aasen-tunet søndag, heiter det i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum. Legen er sjølv blitt pasient og er overraska over at han ikkje kjenner seg redd; i staden opplever han meir audmjukt at også han er dødeleg og kva som er viktig i kvardagen. I boka flettar Tungesvik inn refleksjonar om sitt kristne livssyn, og viser korleis utvalde og tilfeldige bitar frå salmar, popmusikk og litteratur, TV-program, avisoppslag, turar i skog og fjell, møte med andre menneske og ulike arbeidsoppgåver no står fram i eit uventa og givande perspektiv. Fleire grunnar Årsaka til at han har eit relativt avslappa forhold til den alvorlege sjukdommen, er tredelt, fortel han til NPK. – For det første har eg levd i 70 år. Eg har hatt eit utruleg innhaldsrikt og godt liv, med så uendeleg mykje å glede seg over heile tida. For det andre har eg i yrket mitt fått innsyn i mange lagnader som har vore mykje tyngre enn min, ofte takla på meisterleg vis. – Eit tredje og viktig punkt, er at eg har ei enkel og barnleg kristustru. Ikkje som deltakar i store politiske religionsdiskusjonar, men eg trur på det Jesus seier om at han er vegen, sanninga og livet. Difor er eg ikkje redd. Sjølv om prognosen er usikker, tek eg dag for dag, og gler meg over det positive. Det har vorte klinkande klart for meg at livet er no - at ein må leva i stunda, slik Stanley Jacobsen skreiv i ei vise, seier Tungesvik. Psykiater, politikar og målmann Hans Olav Tungesvik (f. 1936) har hatt eit mangfaldig yrkesliv med talrike verv i politikk og frivillige organisasjonar: Leiar i Noregs Mållag 1965–70, fylkespsykiatar i Finnmark 1975–77, stortingsrepresentant 1977–85, parlamentarisk nestleiar for KrF 1983–85, sjeflege ved Modum Bads Nervesanatorium 1995–97. Tungesvik etablerte i 1985 Frihamn psykiatriske senter i Skånevik, der han med eit lite avbrot har vore dagleg leiar sidan.

Hans olav Tungesvik
Hans Olav Tungesvik