Dykka kloss inn til torskemærene

Klokka 21.00 fredag kveld oppdaga ein av dei tilsette ved torskeoppdrettsanlegget Branco i Brandal at to dykkarar boltra seg om lag to meter frå mærane. Mannen ringde politiet, men opplyste samtidig at han ville prøve å få kontakt med dei to i sjøen, for å få vite kva ærendet deira var. Men det var uråd for han å få kontakt med dei. Brått var dei oppe av sjøen ein annan stad, og drog av garde i ein bil. Men den tilsette ved Branco hadde merka seg registreringsnummeret på bilane som stod parkert ikkje så langt frå anlegget, og dykkarane forsvann altså i ein av dei. Det er ikkje påvist skadeverk på mærene, og det er heller ikkje sikkert dei var ute i uærleg ærend.