Forfattarane bak artiklane er dei tilsette ved psykiatrisk poliklinikk i Volda. Dei har ulik yrkesbakgrunn og utdanning, og vil veksle på å skrive. Når dei er i kontakt med pasientar og pårørande ser dei at det er ein del tema og problemstillingar som går att. Når slike tema går att, tenkte dei tilsette at dette kan vere tema som er relevante for fleire enn dei som søkjer hjelp hjå dei. For å nå ut til flest mogleg med kunnskap om psykisk helse, vil dei difor samarbeide med lokalavisene. I vel eit år vil dei levere artiklar til lokalavisene som kjem ut i området senteret skal dekkje. Nina Garshol kan lova eit breitt spekter av tema dei vil ta opp. Artiklane vil ta føre seg skildring av behandlingstilbodet, rusreforma, depresjon, spiseproblem og mykje anna. Nina Garshol håpar at dei gjennom denne spalta gjer psykiske problem mindre tabubelagt. Målet er å spreie kunnskap og synleggjere psykisk helse. Me ønskjer å skape debatt rundt matborda og setje psykisk helse på dagsordenen. Dette er noko som vedkjem alle. Alle har ei psykisk helse, slår Garshol fast. Når ting ikkje blir snakka om, medfører det gjerne ei ekstra belastning for dei som har psykiske plagar. Dei har plagar, men det er vanskeleg å snakke om. Og dei med byrjande plagar tek ikkje kontakt og får hjelp før plagene har utvikla seg. Ved å synleggjere psykisk helse, håpar Garshol dei kan drive førebyggjande arbeid.

Over ein kopp kaffi

Artiklane skal skrivast på ein sånn måte at dei kan lesast over ein kopp kaffi. Dei skal ikkje vere for lange, og dei skal heller ikkje vere utforma som tunge fagartiklar. Garshol synest det er flott om artiklane skapar debatt, men dei tilsette ved psykiatrisk poliklinikk i Volda vil ikkje sitje som eit ekspertpanel å svare på spørsmål.