I to periodar sat Jan Berset (62) som ordførar i Ulstein kommune før Hannelore Måseide frå Arbeidarpartiet tok over klubba i 2003. No er Berset klar for ein ny ordførarperiode, om innbyggjarane i kommunen vil det.
Jan Berset meiner mykje av utviklinga me ser i Ulstein i dag spring ut frå prosjekt han fekk sett i gang i tida si som ordførar. No vil han gjerne vere ordførar i fire nye år.