Helge Ressem i Fjord Farming, fortel at firmaet har konsesjon på tre anlegg i Vartdalsfjorden. Det er eitt på Kattaneset ved Rjånes, og to anlegg på Eiksund. Ved Kattaneset er allereie drifta i gong, og på Gjerde og Einehola i Eiksund er planen å ha byggestart i 2008-09.

10 ringar

Ved begge anlegga på Eiksund vil det bli lagt ut 10 ringar med omkrins på 38 meter. Desse vil dekkje eit område på om lag 500 gongar 100 meter. Anlegga har ein konsesjon på 780 tonn levande fisk kvar, per i dag. No søkjer Fjord Farming, ved Helge Ressem, å auke konsesjonane til det tredobbelte. 2340 tonn på Gjerdet og 2340 tonn på Einehola. Totalt vert dette 5400 tonn, eller 440.000 levande torsk, for dei to anlegga. Med sine tre konsesjonar i Vartdalsfjorden håpar Ressem å fø fram 660.000 torsk til slakt årleg. Vi ynskjer å auke konsesjonen på oppdrettsanlegga for å sikre ein rasjonell produksjon i framtida, seier Ressem. Planen er å fø opp fisken på anlegget på Kattaneset, for så å frakte den over fjorden til merdane der. Då vil torsken bli plassert annakvart år på høvesvis Gjerde og Einehola, forklarar han vidare. Der skal fisken stå fram til slakting når vekta ligg på om lag 4 kilo levande torsk.

Endring i fiskeslag

Fjord Farming overtok konsesjonen i Einehola etter Brandal Havbruk for halvanna år sidan. Der er det opphavleg vore løyve til oppdrett av kveite. Dette ynskjer Ressem å få endra til torskeoppdrett. Kva tid byggeløyve vert gitt, kjem litt an på, i følgje Alv Ottar Folkestad i Ulstein kommune. Han viser til at planane ligg ute til offentleg ettersyn fram til 15. april. Då har råka partar høve til å kommentere planane, så skal saka behandlast i kommunen. Deretter skal den opp på fylkesplan. Det er ei omstendeleg prosedyre, så det kan ta tid før ei avgjerd vert gjort, peikar han på. Ressem håpar likevel på rask handsaming, og byggestart om eit års tid.