Har du Netcom eller Chess, har du kanskje opplevd at du ikkje har fått ringe ut, eller ta imot samtalar. Foto: Joar Drønnesund

Fleire av Netcom og Chess sine kundar har sidan morgontimane opplevd at det ikkje går å ringje ut, eller ta imot samtalar på mobiltelefon.

No melder NetCom at trafikken i NetCom sitt mobilnett har gradvis normalisert seg frå klokken 12 og har vore stabil sidan klokka 13.30.

- Problema med å ringe og sende SMS skuldast ein feil på ei sentral nettverksdatabase. Problema oppstod som følgje av ein konfigurasjonsfeil etter planlagt arbeid i mobilnettet. Då feilårsaken var identifisert, gjennomførte vi nødvendige systemendringar som normaliserte mobiltrafikken. Vi beklagar på det sterkaste overfor dei av våre kunder som vart berørt av feilen, sier August Baumann, administrerende direktør i NetCom i ei pressemelding.