Like over midnatt, natt til sundag, fekk politiet tips frå ein drosjesjåfør om at ein rusa person sov i ein sving på vegen uti Dimna. Politiet rykte ut, men fann ikkje den sovande.

Halv tre på natta var det slåsting utanfor ein utestad i Ulsteinvik. To menn slost, så skal ei kvinne ha ramla oppi slåstkampen og fått seg eit spark. Politiet melder at det er uvisst om ho vart sparka etter medvite eller om ho tilfeldigvis "kom i vegen". Politiet har namnet på dei to som slost, så dei vil bli kontakta over helga.

Kvart på ni i dag tidleg vart ein bil funnen i ei grøft ved Overavegen. Vedkomande som faqnn bilen såg etter om det var personar i bilen, men det var det ikkje. Så etter det politet kjenner til er der berre materielle skadar i ulukka. Ingen personar er meldt skadde.