Uhellet skjedde klokka 15.40 onsdag då to bilar stoppa for å sleppe ein fotgjengar over riksvegen. Føraren i ein tredje bil var truleg ikkje merksam nok, og brasa inn i bilen framfor seg, som igjen deisa inn i bil nummer ein. I den fremste bilen vart ein person lettare skadd. Fotgjengaren vart ikkje treft.